Bjørnafjorden kommune er godkjent som Trafikksikker kommune

Anders Havdal (til venstre) og Kjell Magne Seim (til høgre) frå Trygg Trafikk overrekte beviset på at Bjørnafjorden kommune er godkjent som Trafikksikker kommune til ordførar Trine Lindborg og prosjektleiar Lisbeth Lunde Axelsen. Ragnhild Stende Bjaadal

Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning utarbeidd av Trygg Trafikk saman med fylkeskommunane. 
- Eg er veldig glad for at Bjørnafjorden no får dette godkjent-stempelet frå Trygg Trafikk, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).
- Godkjenninga betyr sjølvsagt ikkje at alt er perfekt i Bjørnafjorden eller at det ikkje vil skje trafikkulukker. Men det betyr at vi som kommune ønskjer og forpliktar oss til å jobbe systematisk, målbevisst og heilskapleg med trafikksikkerheit, seier Lindborg.

Kriterium for Trafikksikker kommune

  • Kommunen har forankra ansvaret for trafikksikkerheitsarbeidet hos ordføraren og rådmannen. Den enkelte etatsleiaren kan ha delansvar.
  • Kommunen har eit utval som har ansvar for trafikksikkerheit (i Bjørnafjorden kommune er dette plan-, bygg- og miljøutvalet)
  • Kommunen har innarbeidd trafikksikkerheit i HMS-/interkontrollsystemet sitt. Det inneheld reglar for reiser og transport i regi av kommunen og reglar ved kjøp av transporttenester.
  • Trafikksikkerheit er eit årleg tema i arbeidsmiljøutvalet (AMU) til kommunen.
  • Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulukker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
  • Trafikksikkerheit er ein del av folkehelsearbeidet til kommunen.
  • Kommunen har ein trafikksikringsplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutinar. Inkludert i planen er både trafikantretta og fysiske tiltak.
  • Kommunen har eit godt system for å behandle søknader om skyss på grunn av særleg farleg skuleveg.
  • Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektoren.

Bjørnafjorden kommune har oppfylt alle kriteria over.
I tillegg har alle desse sektorane/avdelingane lagt fram og fått godkjent dokumentasjon på sitt trafikksikringsarbeid:

  • Barnehagane
  • Skulane
  • Samferdsel og VA
  • Planavdelinga
  • Kulturavdelinga
  • Kommunelegen
  • Helsestasjonane

Les meir på Trygg Trafikk sine sider

- Godt over gjennomsnittet for alle sektorar, skrytte Anders Havdal, som hadde tatt turen til rådhuset frå Trygg Trafikk sitt hovudkontor i Oslo. Saman med Kjell Magne Seim og Audun Heggestad frå lokalavdelingane, overrekte han både godkjent-skilt, blomar og kake til prosjektleiar for Trafikksikker kommune-prosjektet i Bjørnafjorden kommune, Lisbeth Lunde Axelsen.

Prosjektleiar for Trafikksikker kommune-sertifiseringa, Lisbeth Lunde Axelsen, fekk velfortent ros, bevis og blomar ved markeringa på Rådhuset. Ragnhild Stende Bjaadal

 

Skryt til Os barnehage og Nore Neset barneskule

Representantar frå dei ulike kommunale sektorane som har bidratt med dokumentasjon møtte òg fram, og fekk høve til å seie litt om kva dei gjer og korleis dei jobbar med trafikksikkerheit i kvardagen. Os barnehage blei trekt fram av Trygg Trafikk som eit strålande eksempel på praktisk trafikksikkerheitsarbeid gjennom involvering av både barn og foreldre. Det same blei Nore Neset barneskule, kor skulen og FAU jobbar aktivt saman for å løyse ein utfordrande trafikksituasjon.

Frå venstre: Anders Havdal frå Trygg Trafikk, Børge Lunde, rektor ved Nore Neset barneskule, prosjektleiar Lisbeth Lunde Axelsen, Kjell Magne Seim frå Trygg Trafikk, ordførar Trine Lindborg (Ap), styrar i Os barnehage, Elisabeth Nordstrand og leiar i plan-, bygg- og miljøutvalet Terje Sperrevik (Ap) Ragnhild Stende Bjaadal