Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto fra trevarefabrikken til Talgø i Todalen, Surnadal. Foto: Steinar Melby, NettStudio
Illustrasjonsfoto fra trevarefabrikken til Talgø i Todalen, Surnadal. Foto: Steinar Melby, NettStudio
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I debatten om skatt og formuesskatt høyrer ein ofte utsegner som at «rikingane må ikkje sleppe unna» eller også «rikingane skal flås». Dette er fordummande og polariserande retorikk som ikkje tener til noko godt.

På landsmøtet til Senterpartiet var skatt oppe til debatt. Vi i delegasjonen frå Møre og Romsdal var i likheit med mange andre tydelege på at formueskatt på arbeidande kapital er uheldig. Den rammar verdiskaping og jobbskaping rundt om i heile landet, og vi ikkje kan halde fram med å auke denne. Tvert imot meiner vi den bør ned.

Vi må ikkje uthule den høge tilliten vi heldigvis har mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarsida med utsegner om såkalla rikingar som berre tenkjer på seg sjølve. Utsegnene treffer dårleg for svært mange av dei bedriftseigarane som finst utover i det langstrakte landet vårt. Den verdiskapinga og og dei lokale og nasjonale ringverknadene desse bidreg til blir ofte undervurdert.

Det som sjeldan kjem fram i debatten er kva for ei formue bedriftseigarar eigentleg betaler formuesskatt for. Som bedriftseigarar betaler dei skatt av den verdien som ligg i utstyr bedrifta deira allereie har investert i og betalt for, slikt utstyr som held folk i arbeid. Som fiskeforedlingsmaskina, lastebilen, fabrikklokala eller ofte også varelageret.

For å kunne betale denne skatten på driftsmidlane, må mange ta ut utbytte frå eiga bedrift, fordi løna dei tek ut som privatpersonar sjeldan kan dekke formuesskatten dei må betale - for verdiar bedrifta har investert i og eig. Problemet er berre at formuesskatt må betalast uavhengig av om bedrifta går med overskot eller ikkje.

Går bedrifta med underskot og du må ta ut pengar for å betale formuesskatten då, tappar det bedrifta for midlar den har på bedriftskontoen (likviditetsreserven). Ein kan ende opp med å måtte låne pengar til å betale skatten. Endå ein kompliserande faktor er at det berre er norske eigarar som må betale formuesskatt, medan utanlandske eigarar av bedrifter som ligg i Norge slepp dette.

Eg er ikkje mot formuesskatt. Tvert imot meiner eg denne skatten bør vera ein del av eit heilskapleg skattesystem som sikrar at folk kan yte etter evne og få etter behov. Men eg meiner bestemt at formuesskatt på arbeidande kapital, altså den kapitalen, utstyret, lokala og maskinene i bedrifta som bidreg til å halde folk i arbeid, ikkje må skattast for mykje.

Vi i Senterpartiet har leita etter brukande modellar for å skjerme denne kapitalen heilt frå skattlegging. Det bør vera mogleg å finne ei løysing sjølv om det framstår som teknisk vanskeleg. Vår delegasjon ønskte eit vedtak om dette, men framlegget vårt vart nedstemt. Uansett er vi veldig fornøgde med helgas vedtak. Landsmøtet slo fast at Senterpartiet vil redusere formuesgrunnlaget for driftsmidlar i tillegg til å auke botnfrådraget for formuesskatten.

Målet må vera å sørge for å halde skatten på eit nivå som er handterleg for den enkelte bedriftseigar og bedrift. Vi kan sjølvsagt ikkje skape urimeleg dårlege vilkår for bedrifter som har lokale og nasjonale eigarar enn for utanlandske.

For nettopp lokalt og nasjonalt eigarskap er eit viktig mål for oss i Senterpartiet. Balansert skattlegging er viktig for å sikre eit sterkt norsk næringsliv og dermed norske arbeidsplassar.


Av: Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet
Næringskomiteen

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 3 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Anne Mari Sandshamn Jeg ser at Atlanterhavstunnelen er stengt pga. motorstopp, plankebit i veien, etc. Slikt tar normalt ikke 1-2 timer hver gang. ...
Geir Ole Sætremyr 3 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøFor at tankerekka skal vere relevant må du også rekne inn alternativ kost knytta til fergefri kryssing av Romsfalsfjorden, som ...
Anne Mari Sandshamn 6 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje Sundsbøhttps://www.tk.no/sok?keyword=Atlanterhavstunnelen+stengt, Denne linke fører deg til alle innlegg i TK om stengt Atlanterhavsrtunnel.. Og det er 26 sider med info ...
Terje Sundsbø 8 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Anne Mari SandshamnJeg har dessverre ikke data for stengninger av Atlanterhavstunnelen, men for Ålesundstunnelene er oppetiden 99,17% over de siste 6 årene. ...
Anne Mari Sandshamn 12 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøKjære deg, når trafikken står BOM stille fra langt bortenfor Løkkemyra og inn til sentrom i Kristiansund i ofte over ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrHar du problemer med anslaget at fergebommen er stengt omkring 85% av tiden på sambandet Molde-Vestnes? Kan du utdype hva ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse