Stad kommune godkjent som Trafikksikker kommune

Trafikksikker kommune byggjer på ei godkjenningsordning med kriterier utarbeidd av Trygg trafikk i eit samarbeid med fylkeskommunane. Godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilskapeleg arbeid med trafikktryggleik.

Tidlegare Eid kommune hadde godkjenning som Trafikksikker kommune frå 2017–2019. Når det blei tid for ei fornying var det ønskeleg å få med heile Stad kommune i ordninga. Intensjonsavtalen mellom Trygg trafik og kommunen blei signert 16. september 2021, og etter ein prosess med gjennomgang av dokumentasjon blei Stad kommune formelt godkjent som trafikksikker kommune 18. august!

 

Godkjenninga blei markert med besøk frå Trygg trafikk, som hadde teke turen til Stad kommune for å overlevere den formelle godkjenninga, gratulasjonar, blomar og kake. Kommunedirektør Åslaug Krogsæter, varaordførar Siri Sandvik, kommunalsjefar og representantar frå dei kommunale sektorane deltok på markeringa, der kvar sektor oppsummerte korleis dei jobbar med trafikktryggingstiltak samla og på tvers.

- Godt trafikktryggleiksarbeid skal bidra til å gje kommunen færre skadar og nøgde, trygge innbyggjarar. At ein blir godkjend, betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulykker, men ordninga gjer oss bevisste på viktigheita av å jobbe systematisk med trafikktryggleik for å skape eit enda tryggare lokalmiljø, understreka kommunedirektør Åslaug Krogsæter, tydeleg stolt av arbeidet som er gjort ute i organisasjonen.

Kriteria for å bli godkjent som Trafikksikker kommune stiller krav til dokumentasjon frå alle dei ulike einingane i kommunen. Kriteria tek utgangspunkt i lovverk og forskrifter kommunen frå før er pålagd å følgje, slik at det ikkje vil medføre ekstra arbeid for kommunen, kun ei systematisering av trafikktryggleiksarbeidet.

For å lykkast må alle dei kommunale einingane involverast i arbeidet og den enkelte einingsleiaren ta sitt delansvar, og arbeidet må forankrast i den politiske og administrative leiinga. Stad kommune mottok ros frå Trygg Trafikk for eit solid og grundig grunnlagsarbeid frå alle einingane. 

- For å gjere eit godt arbeid er det avgjerande at vi har rutinar og system for å jobbe med trafikktryggleik, og at vi klarer å formidle dette godt ut mot born, foreldre, tilsette m.fl. Slik kan vi saman bidra til ei meir trafikksikker kommune, seier Åslaug Krogsæter.

Her kan du lese meir om Trafikksikker kommune