I alt blei det fiska og avliva 98 500 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i dei norske elvane i 2022. I tillegg blei 39 100 sleppt levande ut i elva igjen. Det er førebels tal for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye 2022 som viser dette.

Mest laks i Trøndelag

I Trøndelag blei det landa 26 600 atlantisk laks i 2022. Det er 32 prosent fleire enn året før. 40 prosent av laksen blei sett ut igjen i 2022. Etter Trøndelag følgjer Troms og Finnmark, med 21 700 laks, som er ein auke på 20 prosent frå året før. Her blei 31 prosent av laksen sett ut igjen. Laksefangstane frå desse to fylka utgjorde halvparten av den totale laksefangsten i 2022.

Gaulavassdraget på topp

Det blei landa totalt 6 400 atlantisk laks i Gaulavassdraget i Trøndelag i 2022. Det er ein auke på 42 prosent frå året før, og Gaula er med dette vassdraget med flest landa laks i 2022. 65 prosent av laksen blei sett ut i elva igjen. Etter Gaula var det i Orkla og Namsenvassdraget, også i Trøndelag, det blei fiska mest laks, med respektive 6 300 og 5 100 laks dette året. 67 prosent av laksen i Orkla og 7 prosent av laksen i Namsen var fang og slepp.

Tanavassdraget i Finnmark har vore eit av dei viktigaste laksevassdraga i Noreg, men det har ikkje vore opna for laksefiske i dette vassdraget dei to siste åra.

Flest avliva laks i Namsenvassdraget

Namsen var vassdraget med flest avliva laks i 2022. Det vart avliva 4 800 laks, noko som er 38 prosent fleire enn 2021. Deretter følgjer Bjerkreimselva i Rogaland og Numedalslågen som strekker seg gjennom Viken og Vestfold og Telemark, med 3 700 og 3 200 avliva laks.

Størst del fang og slepp i Orkla og Gaula

Orkla og Gaula er dei klart største vassdraga når det gjeld fang og slepp. I 2022 blei vel 4 200 laks sleppt levande ut att i Orkla. Det er 40 prosent fleire enn året før, og utgjorde 67 prosent av den totale fangsten av laks i elva. Fang og slepp på snautt 4 200 laks i Gaulavassdraget i 2022 er ein auke på 56 prosent frå året før, og utgjorde 65 prosent av landa laks i elva.

Figur 1. Elver med størst fangst av atlantisk laks 2022. Førebelse tal

Variasjonar i fangstane frå år til år heng i hovudsak saman med kor mykje laks som går opp i elvane og fiskeforholda i elvane. I tillegg blei det med omsyn på sårbare laksebestandar innført sterke reguleringar i laksefiske frå 2021. Elvar blei stengde eller fekk redusert fisketid. Det blei gjort endringar i  kvoteordningar og midtsesongevalueringar med forvaltningstiltak.

Ikkje år for pukkellaks

Pukkellaks har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år. I 2022 blei det rapportert ein fangst på 81 pukkellaks. I 2021 blei det landa 111 800 fisk av denne arten. 

Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Den spreidde seg først til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Laksen har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år. Denne framande arten er uønska i Noreg. Den vert forvalta med mål om å ha minst mogleg av den, og den skal ikkje settast levande ut i elva igjen.